Fotograf: Hallgeir Hove
Big Valley Voices er ikkje berre flotte å høyre på! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Frank Iversen stilte opp som gjesteartist på gitar. Vakkert! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Når vi tek med alle, var det nok godt over 200 på plass denne kvelden fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lise Merete Bull gir blomar og vel fortjent klem, som takk for innsatsen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Både Maria sjølv, kordamene og mange med dei, let seg røre fotograf Hallgeir Hove

Vi vil ha meir, Big Valley Voices!

Big Valley Voices sin konsert i Stordalshallen, fredag den 13. mai, vart ein knallsuksess. Dei 23 damene - under leiing av Maria Holand Tøsse - leverte verkeleg, det var skikkeleg god lyd og sist men ikkje minst; det var nærare 200 på plass for å få med seg konserten.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.05.2016

Big Valley Voices hadde si første øving i september 2014 og også slik sett er det ganske enkelt imponerande det dei har fått til. Konsertpremieren var i januar 2015 og vi fekk også ein til super konsert det året, nemleg sommarshowet i juni. Dei dyktige damene har også vore med på konsert i lag med Ørskogkoret og sunge under førjulskonserten i Stordal kyrkje. Lovorda har vore mange og sjølv om det var veldig bra alt på den første konserten, er det også rett å hevde at dei har blitt berre betre og betre. 

Det var eit imponerande repertoar BVV hadde øvd inn også til konserten denne gongen og mange imponerte også som solistar. Sjølv om dei 23 damene denne gongen hadde valgt ut nyare og meir moderne låtar enn tidlegare, var dei flinke til å veksle mellom det fartsfylte og heftige og det stemningsfulle. Blant dei mange supre låtane fekk vi også John Farnham´s "You're the Voice". Ein av dei tøffaste låtane som er laga og framført på glimrande vis i Stordalshallen! Totalt fekk vi 18 songar, ei blanding av hits og slagerar.

Koret hadde fått med seg Frank Iversen - på gitar - på ein av songane og også det vart sjølvsagt veldig bra.

"Som seg hør og bør" når det er konsert i Stordalshallen, var det også eit gedigent kakebord, og i den innlagte pausen midtvegs, kunne folk nyte dette og ein god prat saman.

For fleire detaljar om konserten, viser vi til reportasjar i lokalavisene.

I eigen førehandsreportasje har vi m.a. sitert damene på det dei lova publikum og det er altså all grunn til å hevde at dei verkeleg innfridde!

Konserten i kveld var dessverre den siste, med Maria som leiar. Ho har eit såpass stramt program elles, at det vert for hektisk for ho å skulle binde seg opp til ein fast øvingskveld i veka her i Stordal. Men det er altså liten tvil om at publikum vil ha meir frå den supre gjengen og det er naturlegvis å håpe at dei snarast kan få nokon annan til å leie koret. Så kan vi håpe på at Maria kan steppe inn saman med damene i samband med konsertar o.l. også i tida som kjem. Vi føler oss viss på at dei nærare 200 som var på plass, og mange fleire med dei, ville sett særs stor pris på det.

Lasse Døving er lydmannen frå Stranda, vi etterkvart er blitt godt vand med å møte i Stordalshallen. Ingen tvil om at han kan sine saker og det er på sin plass å framheve den gode lyden også under denne konserten.

Etter at konserten var over og publikum var ferdig med sin ståande trampeklapp, vart det berre spontant slik at mange av dei yngste entra scena og song og dansa og Maria held sjølvsagt showet i gong. Også den yngre garde synte stor glede på scena og det er liten tvil om at det der var samla mange entertainer-talent på ein gong.

Sjå eige bildegalleri på Stordalshallen si facebook-side, for meir frå både konserten og dei unge som entra scena etterpå.

Stor takk til Big Valley Voices for ein ny suveren konsert! Vi veit at vi har alle med oss, når vi i tillegg uttrykkjer håp om at de kjem til å halde fram. Også det sosiale er sjølvsagt ei viktig drivkraft for denne supre gjengen og i etterkant av konserten den 13. mai, hadde dei sosialt samvær i grendasalen. Då er det grunn til å håpe og tru at nye spenstige planar vart klekte ut.


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove