Fotograf: Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Ordførar Eva Hove orienterer om bakgrunnen for tildelinga fotograf Alfred Nilsen, Storfjordnytt
Fotograf: Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Både Vibeke og Kjetil nytta høve til å takke for at det er lagt så godt til rette for å bli god innan idrett i Stordal kommune fotograf Ruth Janne Vinje, Bygdebladet
Kjetil Holand Tøsse
Det skal bli spennende å fylje med på Kjetil si utvikling vidare, anten det no blir til at han held fram med spel for MFK, eller at andre klubbar evt er så heldige å få denne ungguten i stallen sin
Fotograf: Aafk
Også Vibeke er i ferd med å etablere seg på eit høgt nivå, etter å ha vore innom både Herd og Fortuna, før vegen altså gjekk til MFK fotograf Aafk

Vibeke og Kjetil mottok kulturstipend

Dei to fotballtalenta, Kjetil Holand Tøsse og Vibeke Nyli Innselset, vart begge tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend i 2015. I forkant av Årsfesten sist laurdag, nytta ein høve til å gjere ekstra stas på dei to.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.03.2016

Det var ordførar Eva Hove, assistert av kulturkonsulent Hallgeir Hove, som stod for overrekking av gåvesjekk på kr 3.000 til kvar av dei, samt blomster og diplom. Diplomet er eit synleg bevis på at dei no er komen med i ei ganske så eksklusiv gruppe, om ein kan seie det på det viset.  

I vår reportasje frå desember i fjor kan du lese meir om bakgrunnen for tildelinga I denne kan du også ta eit tilbakeblikk på tidlegare tildelingar, då Stordal kommune har delt ut slike stipend til talentfulle unge, heilt attende til 2002. Liten tvil om at Stordal kommune har fostra mange talent opp gjennom åra!

Både Vibeke og Kjetil nytta høve til å takke for utmerkingane og peika på at dei hadde vore heldige som hadde fått vekse opp i Stordal med alle dei muligheitene som fins her. Som kjent kan dei begge også sjå attende på mange strålande prestasjonar i alpinløypene. Naturlegvis retta dei ei ekstra stor takk til fotballgruppa, som m.a. har bidratt med å legge forholda så godt til rette, som det er gjort.

Sjå flott reportasje om det heile også på Storfjordnytt si nettside

Vi nyttar høve til å takke dei to på ny og legg ikkje skjul på at vi synest det er stor stas at dei - med sin suksess på fotballbana - har vist at det er fullt ut mulig også for born og unge herifrå å nå eit høgt nivå også innan denne idretten.  

Lykke til, til begge to, både med den komande sesongen og sjølvsagt også vidare framover!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove