Viktig årsmøte for pistolklubben!

Torsdag 10. mars skal Stordal Pistolklubb avvikle årsmøte. Det er liten tvil om at dette møtet vert viktig og kanskje ikkje minst vert perioden fram til møtet nettopp det. Det er nemleg slik at det pr dato ikkje er nokon som står klar til å overta leiarvervet og dermed står ein i fare for å måtte leggje ned klubben. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.02.2016
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Pistolklubb hadde ca 30 medlemmar i 2008. Her er ein del av dei. fotograf Hallgeir Hove

Stordal Pistolklubb har hatt faste kveldar med skyting i Stordalshallen - og då sjølvsagt på skytebana der - heilt sidan opninga i 1997. Når ein i tillegg veit at klubben har ein heil del utstyr, samt engasjerte medlemmar, er det grunn til å hevde at det er leit om klubben vert lagt ned pga at ein ikkje klarer få på plass nokon i leiarvervet. Om klubben, i verste fall, vert lagt ned, vil den også måtte levere inn både det ein har av midlar og naturlegvis utstyr. Etter det vi får opplyst, er det også slik at medlemmar i klubben også må levere inn det ein måtte ha av personleg utstyr, om klubben vert lagt ned.

I desember 2008 laga vi ein reportasje om pistolklubben, som den gongen m.a. kunne vise til medlemsauke, der talet på medlemmar var i ferd med å passere 30. Dagfinn Busengdal, mangeårig leiar i klubben, fortel at medlemstalet i dag ligg på rundt 20. Han er naturleg nok bekymra for det som held på å skje og håper på at det er nokon som kan stille seg positiv til å ta stafettpinnen vidare, som leiar for klubben.

Dersom du sit på informasjon som kan vere nyttig for pistolklubben å kjenne til, kan du sende ein e-post til Dagfinn Busengdal: dagfinn@mimer.no evt ringe til han på tlf: 90 78 79 14.


 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove