Vil du eller bandet ditt spele på Stordalstrøkk?

Stordal ungdomsklubb inviterer unge musikarar og band frå distriktet til å spele på årets utgåve av Stordalstrøkk. Det er sjuande gongen at dette vert arrangert i Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.10.2013
Fotograf: Stordal ungdomsklubb
Stordalstrøkk 2012 hadde m.a. også ganske så avanserte lyseffektar fotograf Stordal ungdomsklubb

No går altså invitasjonane ut til ungdom som er interessert i å vise fram sine musikalske talent frå scena i Stordalshallen. Komiteen frå Stordal ungdomsklubb lovar å lage ei fin ramme rundt arrangementet som går av stabelen laurdag 26. oktober.

Stordalstrøkk er ei blanding av live musikk og diskotek, der arrangørane stiller scena til disposisjon for talentfulle ungdommar. Dei får ikkje honorar for å stille opp, men det vankar heider og ære, samt at både musikarar og lyd- og lysfolk blir invitert til felles varmt måltid før det heile brakar laust om kvelden.

Arrangementet er rusfritt og aldersgrensa er frå 8. klasse og oppover.

Vi oppmodar band og musikarar om å melde si interesse snarast!

Sjå meir informasjon i pdf nedst på sida.

Stordalstrøkk er verkeleg flotte arrangement, noko også vår tidlegare reportasjar syner!

I reportasjen frå i fjor finn du også lenker til alle dei tidlegare Stordalstrøkk-arrangementa.

Sommaren 2013, hadde vi også for første gong eit liknande konsept kalla Sommartrøkk og det var særs høgt nivå på dei ein fekk oppleve frå scena!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove