Vinjehjellane innfridde forventningane!

Årsfest 2017 - Vinjehjellane.  - Klikk for stort bildeÅrsfest 2017 - Vinjehjellane. Hallgeir Hove

Den 20. Årsfesten for Stordalshallen vart arrangert sist laurdag og Vinjehjellane leverte verkeleg varene. Heile 450 personar fekk med seg dei mange flotte innslaga frå scena. Her var det alt frå akrobatikk til vakker song og musikk, og sjølvsagt også fleire humoristiske innslag knytt til dagsaktuelle tema. Organsieringa også elles, fungerte strålande og når Spark bidrog til å få alle i dansestemning, umiddelbart etter at revy og mat var unnagjort, kunne ikkje dette vore gjort betre.

I forkant av Årsfesten, var det også ei fin markering av at det no er 20 år sidan Stordalshallen vart opna.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.02.2017

Årsfest 2017 - Vinjehjellane. Imponerande husorkester! - Klikk for stort bildeÅrsfest 2017 - Vinjehjellane. Imponerande husorkester! Hallgeir Hove Årsfest 2017 - Vinjehjellane. Peder har godsaker til oppdrettslaksen - Klikk for stort bildeÅrsfest 2017 - Vinjehjellane. Peder har godsaker til oppdrettslaksen Hallgeir Hove Årsfest 2017 - Vinjehjellane. Akrobatikk og luftige stunts - Klikk for stort bildeÅrsfest 2017 - Vinjehjellane. Akrobatikk og luftige stunts Hallgeir Hove Årsfest 2017 - Vinjehjellane. John Kristian, John Helge og Lasse hadde også all grunn til å smile - Klikk for stort bildeÅrsfest 2017 - Vinjehjellane. John Kristian, John Helge og Lasse hadde også all grunn til å smile Hallgeir Hove

Storslagent og med stor spennvidde!
At det bur mange med ulike talent i Vinjehjellane, kan vi verkeleg slå fast etter ein kveld som dette. Programmet vi fekk oppleve frå scena held høg klasse og spennvidda var også stor. Ikkje minst mønstra arrangørane eit eige husorkester det verkeleg svinga av og dei bidrog også til at flyten mellom dei ulike innslaga vart veldig god. Orkesteret bestod av: Jarl Anders Hjelle, Robin Aasen, Adrian Nakken, Jarle Helgesen, Asle Olsen, Frank Iversen, Riemo Eisma, Bjørn Busengdal og Mariell Busengdal.     

Dei fem unggutane som stod for akrobatikk på teamtrack´n leverte saltoar og stunts, som nok fekk mange blant publikum til å bli både bekymra og ikkje minst storligen imponerte. Dette held verkeleg høg klasse og berre det å legge opp til eit slikt show, der dei fekk rigga det heile til på scena rekordkjapt, var imponerande.

Imponerte gjorde også unge Daniel Hovde, der han framførte dansing som om det skulle ha vore Michael Jackson sjølv som var på plass. Trude Grav-Skavøy var ikkje langt bak ho heller, for å seie det sånn.

Vi fekk også mange fine revyinnslag som tok føre seg dagsaktuelle tema og som vart framført på profesjonelt vis. Det handla om oppdrett av laks og innsekt og anna av det Vekst i Stordal er involvert i, det handla om mikrohytter og mykje anna. Til slutt kom det også ei personleg helsing frå kommunalministeren vår.  

Arrangørane imponerte også i høve til dette med å veksle mellom film/bilder på storskjermen og det som elles skjedde frå scena og som tidlegare nemnt var det høg kvalitet på det musikalske. I tillegg til det nemnte orkesteret, fekk grenda også synt oss at den har mange, både unge og vaksne, med eit skikkeleg songtalent i seg!  

Nydeleg spekemat og servering i rekordfart
Dei siste åra har ein lagt inn servering av maten om lag midtvegs i programmet og slik vart det gjort også på laurdag. Serveringa gjekk lynkjapt og det utan at gjestane trengte å forflytte seg i det heile. Arrangørane serverte nemleg spekematen, potetsalaten og eggerøra klar til å inntakast rundt om på borda. Både kjøkkenet og baren var godt "bemanna", noko som bidrog til at det aldri vart noko form for kø.

Lyd og lys m.m.
No har vi alt rosa Lasse Døving for sin innsats fleire gongar tidlegare og seinast sist helg i høve UKM. Det er med rette vi kan hevde at vi er særs glade for det gode samarbeidet vi har med han når det kjem til det som har med lyd og lys å gjere. Arrangørane sjølve stilte med John Helge Larsen i den krevjande jobben det er å skulle styre kva for mikrofonar som skulle vere på til ei kvar tid, assistert då av fleire "backstage" naturlegvis. John Kristian Hjelle tok hand om det som skulle visast på storskjermen og det var ikkje reint lite. Suverent levert av alle dei involverte.

Ørskog Videoklubb
Vi vil nok ein gong også nytte høve til å takke Ørskog Videoklubb for at dei stiller opp på Årsfestane gong etter gong. Det er absolutt ikkje sjølvsagt det, der ingen av desse heller har dette som levebrød. Men gleda av å stille opp for sine gode naboar, gjorde at dei var på plass også denne gongen. Som kjent bidreg dette også til at vi kan gle oss over å kunne få oppleve Årsfesten også på DVD om ikkje alt for lenge.

Karane i Spark er gode til å skape stemning
Dans høyrer sjølvsagt med når det er Årsfest og arrangørane hadde gjort eit særs klokt val også når det gjaldt å velje ut kva band som skulle få oppdraget. Gruppa Spark, med adresse Skodje, har mange fått oppleve også tidlegare, då i samarbeid med Maria. På laurdag bidrog dei til at det var trangt om plassen, heile kvelden til endes, sjølv på det om lag 80 kvadratmeter store dansegolvet i Stordalshallen. Dyktige musikararar som veit å skape stemning dette her. Gjesteopptreden av Maria vart det og på enkelte av låtane.


Markering av 20 årsjubileum
Den første halvtimen, denne festaftenen, vart som nemnt sett av til eit historisk tilbakeblikk. Kva var vel då meir naturleg enn å spørje han som fekk sett i gong arbeidet med å realisere planane om ei storstove i Stordal, nemleg tidlegare ordførar Olav Bratland. Heldigvis takka Olav ja til dette. Han har teke vare på det aller meste av dokument og reportasjar frå denne perioden og når ein i tillegg kunne hente glimt frå den flotte filmen som vart laga frå opningsfesten og supplerte dette med flotte bilder frå arkivet til m.a. Storfjordnytt, vart dette skikkeleg stemningsfullt. Frode Færøy stod for redigeringa og på førehand hadde John Kristian Hjelle digitalisert filmen frå opningsfesten.

Men det var altså Olav som hadde regien på dette og det heile var lagt opp slik at han fortalte og viste oss film/bilder om ein annan. I løpet av denne relativt korte sekvensen (30 minutt) fekk vi gjort ekstra stas på dei som var sentral i høve realiseringa, og samstundes poengterte Olav at Stordalshallen verkeleg er vår felles stoltheit!

Bratland delte også ut blomar på vegne av driftsstyret, til dagleg leiar for Stordalshallen. Han nytta høve til å takke alle dei som både har stilt opp - og dei mange som framleis stiller opp - for Stordalshallen. M.a. dugnadsgeneral og vaktmeister i alle dei år, Einar K Hove og hans høgre hand Kirsten, instruktørane som stiller på kvar gong det er skuleklassar, korps og idrettslag på besøk, det lokale næringslivet (som også etterkvart er blitt utvida til også å omfatte særs mange også utanfor kommunegrensene i og med at det er 100 samarbeidspartnarar med totalt no), alle dei som stiller opp for å få til flotte arrangement i Stordalshallen, alle dei som stiller opp på dugnad, anten det no gjeld vedlikehald som skal utførast og ikkje minst i samband med reisinga av tilbygget for eit par år sidan. Sist men ikkje minst alle dei som er med og bidreg til dei ufatteleg flotte Årsfestane for Stordalshallen.

Det står enormt stor respekt av alt dette og når Olav Bratland mottok blomster, jubileumsskjorte og jubileumsbuff - som avslutning på denne markeringa - gjorde han det eigentleg på vegne av alle dei frammøtte og sjølvsagt også fleire med dei.   

Med heile 450 på plass i idrettshallen og med dei om lag 50 arrangørane frå Vinjehjellane i tillegg, var det naturlegvis ekstra kjekt å kunne ha ei slik markering og gjere fortjent ære på dei.

Etter dette var det tid for beinstrekk og påfyll, som det stod i programmet, og 30 minutt seinare var det så klart for Årsfest i regi av Vinjehjellane!    

DET ER VERKELEG PÅ SIN PLASS Å RETTE EI STOR TAKK TIL ALLE DEI SOM VAR MED OG BIDROG TIL AT ÅRSFESTEN 2017 VART SÅ FLOTT SOM DEN VART OG NATURLEGVIS GRATULERER VI VINJEHJELLANE MED EIT SUVERENT GJENNOMFØRT ARRANGEMENT!

 

Du finn over 200 bilder frå Årsfesten i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå også våre førehandsreportasjar for tilbakeblikk på tidlegare Årsfestar 
(du vil finne meir jubileumsstoff også der)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove