Fotograf: Hallgeir Hove
Virusha klarte å overtyde juryen om at ho fortener plass i landsfinalen! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Storesøster Sivanja gjekk til landsfinalen i 2011! fotograf Hallgeir Hove

Virusha til landsfinalen!

Det er no offentleggjort kven som går vidare frå fylkesmønstringa av UKM og det er med stor glede vi kan gjere kjent at Virusha Naguleswaran er ein av dei! Av berre seks sceneinnslag totalt sett frå vårt fylke, er Virusha sin indiske dans, eitt av desse!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.04.2012

Fylkesmønstringa vart avvikla i Ålesund sist helg (les meir HER) og berre det å få delta der, er sjølvsagt stort. Med den store deltakinga frå dyktige unge frå heile Møre og Romsdal, er det sjølvsagt litt av eit "nålauge" å kome seg vidare til landsfinalen (eller UKM-festivalen, som den heiter) Men det gjorde altså den dugande ungjenta frå Stordal! Dermed vert det tur til Trondheim på ho, noko som garantert vert ei stor oppleving.

Les flott reportasje om uttaket på NRK Møre og Romsdal si nettside HER

Når vi minner om at storesøster Sivanja også gjekk til landsfinalen i 2011, vert dette sjølvsagt ekstra imponerande. Les meir om det HER. I reportasjen frå mai i fjor, kom vi også inn på at Stordal kommune har litt av ei "merittliste" når det gjeld deltakarar vidare til landsfinale. Som vi veit, har både Kristina M R Stavseng, Maria H Tøsse og Jenny Langlo, tidlegare vore med der. Med uttakinga av søstrene Sivanja og Virusha (og det to år på rad!), kan vi no gle oss over at heile fem herifrå har nådd dit. Ikkje dårleg det, når vi tenkjer på at vi er berre i overkant av 1 000 innbyggjarar. Dei siste sju åra har det altså vore stordalingar med i landsfinalen heile fem gongar! 

Men attende til Virsuha: Det er all grunn til å hevde at det ikkje er ufortjent at ho no opplever å få gå vidare. Til liks med storesøster Sivanja, har ho via særs mykje tid på sin indiske dans. Det er ikkje få mil med reising og uttallige timar med øving, for å kome dit ho er i dag. Ein viktig del av opplæringa ho har gått gjennom, som endar opp med at ho skal fullføre ei rad med del-eksamenar, er også det at ho skal arrangere ei eiga festforestilling. Dette gjennomførte dei to søstrene i Ålesund i november 2011. Les meir om den flotte festen HER 

I tidlegare reportasjar kjem det klart fram kva dansen betyr for dei to søstrene. Sivanja vart tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2011 og i eigen reportasje om dette, finn ein endå meir om nettopp det. Reportasjane finn du HER

Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar om UKM HER

Med dette vil vi gratulere Virusha med plass i landsfinalen av UKM og ynskjer ho lukke til også der!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove