YIT skiftar namn til Caverion

YIT har splitta konsernet i to separate selskap: Verksemda i Norge held fram som før, men under nytt navn – Caverion Norge AS.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.08.2014
Logo - Caverion
Logo - Caverion

YIT har i ei årrekkje vore Stordalshallen sin gode samarbeidspartnar. Når verksemda held fram som før, men då under nytt namn, er det kjekt for oss å kunne bidra til å gjere dette kjent. Sjølvsagt vil også det nye reklameskiltet vere på plass i løpet av dei næraste dagane.  

At YIT har blitt Caverion Norge AS, vil ikkje medføre dei store endringane for oss som kundar. Namneskiftet får nemleg inga praktisk betydning. Alle dei tilsette vil være med vidare, og dei vil halde fram med å levere tenester av høg kvalitet til kundane. Også organisasjonsnummeret vert som før: 959 069 743.

Her ser du meir om det Caverion står for: 

Caverion designer, produserer og vedlikeholder brukervennlige og energieffektive løsninger og systemer for alle typer bygg og industri.

Caverion ble etablert gjennom en fisjon av YIT konsernets segmenter Building Services og Industrial Services i juli 2013.

Selskapet har en omsetning på ca. 4 milliarder kroner og 3600 ansatte i Norge. Caverion Group hadde i 2012 en omsetning på ca. 22,4 milliarder kroner og har totalt over 18.000 ansatte i 13 land i Europa.

Les meir om dette og sjølvsagt mykje meir om tenestene til Caverion, på deira flotte heimeside!

Stordalshallen er sjølvsagt særs nøgd med at det gode samarbeidet vert ført vidare og nyttar høve til å ynskje Caverion Norge AS velkomen med på laget!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove