Ynskje om innspel på aktuell kandidat til driftsstyret.

Stordalshallen har som kjent eit eige drifttstyre samansett av 5 representantar. Tre av disse er det Stordal kommune som peikar ut. Ein representant vert peika ut av Stordal IL, medan ein representant skal peikast ut frå andre lag og organisasjonar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.08.2009
Fotograf: Hallgeir Hove
Leiaren i driftsstyret, Eilif Falch (med kake), saman med dei andre som sit i styret no. fotograf Hallgeir Hove

Då det er slik at tidlegare vararepresentant frå andre lag og organisasjonar har bede om avløysing og har sete perioden sin, ynskjer ein no å få på plass ny. Ein ber difor om å få innspel på aktuelle kandidatar til dette vervet.

Innspela må då kome frå lag/organisasjon knytt til bruken av Stordalshallen og samstundes er det sjølvsagt greit at ein har vore i kontakt med kandidaten, slik ein veit at dette er eit verv han/ho er open for å ha.

Når ein vel denne framgangsmåten for å innhente aktuell kandidat, er det fordi ein ser det som noko tungvindt å kalle inn "alle" lag og organisasjonar til eit eige møte for å peike ut slik vararepresentant. 

Det er Palma Flåen Øvrebust, som representerer andre lag og organisasjonar pr i dag og både ho og dagleg leiar kan gjerne kontaktast, dersom ein ynskjer meir informasjon. Driftsavtalen, som ligg til grunn for drifta av Stordalshallen, finn ein elles på nettsida til Stordalshallen. Der finn du også oversikt over dei som sit i driftsstyret i dag. Sjå lenke nedanfor.

Med dette ber ein om innspel på kandidat innan onsdag den 30. september.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove