Yoga-kurs i Stordal!

Vi kan med glede meddele at det no også vert tilbod om å delta på yoga-kurs i Stordal. Kurset går over 8 veker, der 5 av desse vert før jul. Kurset vert avvikla i Stordalshallen på måndagskveldar frå kl 18.00 til kl 19.30, med oppstart måndag den 18. november. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.11.2013
Yoga
Yoga

Det er Merete Myklebust som er kursleiar og ho fortel at deltakarane ikkje treng ta med eigne matter, men at ein gjerne kan ta med ei pute til å ha under hovudet eller knea når ein ligg på matta. Ellers kan ein ta med ei vannflaske til å drikke etter trening. Kurset vert gjennomført i grendasalen.

Ein trenar yoga med sokkar eller barfot. Det vel ein sjølv alt etter som korleis det fungerar.

Betaling av kursavgifta på kr 1350,- er bindande og sikrar deg plass på kurset. Kursavgifta må betalast inn innan kurset startar opp.

Påmelding til Merete Myklebust post@mereteszengarden.no

Det er oppretta ei eiga facebookside, der du finn meir informasjon om kurset. Der ser du at det alt er mange som har meldt si interesse. Pass likevel på å melde deg på ved å nytte e-postadressa ovanfor, i tillegg.   

Her er oversikta over kursdagane, som altså alle er måndagar:

18.11
25.11
02.12
09.12
16.12
06.01
13.01
20.01 

(ein tek atterhald i høve til at det kan kome endringar her, men uansett vert kurset totalt over 8 veker)

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove