Yoga med Merete, også i 2016!

Merete Myklebust sitt supre yoga-tilbod kvar måndagskveld, held fram også dette året. No er det difor på tide å melde seg på!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.01.2016
Fotograf: Privat
Merete Myklebust sitt yoga-tilbod er særs populært! fotograf Privat

Merete har sendt oss fyljande info som ho ynskjer de skal studere nærare:

Etter ein lang juleferie er sikkert mange no klare til å ta fatt på eit nytt år og ønsker få det beste ut av dagane og livet. Det som nokså sikkert er likt for alle er ønske om god helse og overskudd. Mange av dykk har alt prøvd yoga og har erfart det er nyttig til å halde hovudet klart og kroppen smidig, sterk og frisk. No er det klart for nye kurs både i Stordal, Valldal og Stranda med oppstart henholdsvis 18, 19 og 20. januar. Du er velkomen enten du har prøvd yoga før eller er heilt ny.

Kurset går over 8 gongar, med oppstart veke 3 og avsluttar veke 11. Det blir opphald i veke 9 då eg er vekkreist på kurs.

Ein kurskveld på 90 minutt ser ca. slik ut:
Innleiande avspenning, oppvarming, hovudprogram (asanas), pusteøvingar (pranayama) og avsluttar økta med avspenning/dybdeavspenning (yoga nidra)/Indre stillheit.

Stordal: Kl. 18.30 - 20.00. Oppstart 18. januar
Valldal: Kl. 18.00 - 19.30. Oppstart 19.01.
Stranda: Nybegynnarkurs kl. 18.00 - 19.30. Fortsettelseskurs kl. 19.45 - 21.15. Oppstart 20.01. (Ein kan ta att tapte kurskveldar i ei av dei andre bygdene)

Pris: Kr. 1350,- pr. person.
Påmelding: Mail til
post@mereteszengarden.no og bekrefta påmelding/sikre plass ved innbetaling til kontonr. 40602663711, seinast 15. januar.

Litt om meg sjølv og yoga: Første gong eg prøvde yoga var då eg trente karate i Oslo på 90-talet og vi hadde yoga som oppvarming. Sidan fekk eg meir kjennskap til yoga gjennom meditasjonsmiljø i Danmark og av yogainstruktør Christine Strandmann i Valldal fram til eg starta på Norges Yogalærarskule for 3 år sidan. Har 1/2 år igjen av studiet og får her mykje god inspirasjon som eg let dykk få gode av på kurskveldane. I året som kjem vil det bli meir meditasjon, Indre stillheit, på kursa. Det gjeng ut på å å bli meir bevisst sinnets natur, lære møte forstyrrelsar, konsentrasjon og stille sinnet.

Yoga kan vanskeleg forklarast, det må opplevast, så kjenner du nokon som er litt nysgjerrig kan dei bli med på ein gratis prøvetime ved oppstart. Ellers kostar drop-in kr. 200,- pr 90
minutt.

Då er det vel berre å hive seg rundt og melde seg på då? Dei har iallefall ikkje angra eit sekund, dei mange som alt har starta med å delta fast på dette!  

Merete`s Zen Garden har også eiga facebookside der du også finn meir info

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove