Yoga også i 2018

Yoga i grendasalen - Klikk for stort bildeYoga i grendasalen Merete Myklebust

Merete Myklebust held fram med å tilby yoga i Stordalshallen, også denne vinteren. Dette naturlegvis til stor glede for dei faste deltakarane. Vi deler meir enn gjerne den informasjonen Merete har til såvel faste, som nye. Oppstart er sett til måndag 15. januar. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.01.2018

Her kan du lese det Merete skriv:

Godt nytt år, og velkomen til nye kurs i yoga i Stordal. Kanskje treng vi lommer utan ytre påverknad meir og meir, enten for å slette litt på harddisken eller kjenne på roa som melder seg etter ein time utan ytre krav, mobil, sosiale mediar, koble ut jobb, lade opp batteria mm.

Yoga har i tillegg til å vere mobil- og snakkefri sone gode postive verknader på heile mennesket, både fysisk og mentalt. Ved å jobbe både med smidigheit, styrke, strekke og avspenne får kroppen «smørt» seg og hovudet tømt seg. Det er ikkje fårleg å kjenne seg «tom i toppen», tvert imot er det veldig vanleg etter ei yogaøkt og sundt for å finne inn til ein djupare stad i seg sjølv, fine ro og harmoni.

 

Nokon av dykk har alt meldt dykk på kurs i vinter. På kurset vil vi denne vinteren spesielt jobbe med fleire variantar av flyt-sekvensar og kjenne på dei energetiske verknadane det gir. Den mest kjente er solhilsen. 

 

Det er ikkje sikkert ein rekk å vere med alle 10 kveldane kurset går over. Mitt tilbod til dykk er at kurset går over 10 gonger, men at kan de velge betale for 8 eller 9 gonger og gå dei kveldane det passar deg. Melder du deg på 8 gonger, men ser at det likevel er tid til 1 gong til kan du berre plusse den på reknskapet til slutt. 

Hugs, du kan også ta att forsømte yogakveldar på Stranda eller Valldal, men alle timar må takast i dette semesteret før påske.

 

Når: 15.01 og fram til påske.

Stad: Meretes Garden

Påmelding skjer her: http://meretesgarden.no/events/klassisk-yoga/

 

 

Er du alt påmeldt kan du betale kursavgift og stadfeste påmeldinga di ved å betale antal gonger du vil gå til kontonr. 40602663711, innan kursoppstart. Merk innbetaling med «YogaV18».

 

Sjekk også kalenderen for ekstra tilbod innan meditasjon, yoga og sauna http://meretesgarden.no/kalender/

 

Håper å sjå mange av dykk igjen på yogamatta.

 

 

Beste helsing

 

Merete Myklebust

 

www.meretesgarden.no

https://www.facebook.com/meretesZENgarden/

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove