Publisert 22.01.2018
Spjelkavik Drillklubb januar 2018

Det er ikkje så reint lite stas å konstatere at også Spjelkavik Drillklubb har funne ut at Stordalshallen er rette staden, når dei skal legge opp til treningssamlingar. I fjor gjennomførte dei to samlingar her og denne helga var dei på plass igjen. For oss er det sjølvsagt veldig kjekt å ha slike kjekke og dyktige idrettsutøvarar på plass. Denne gjengen kan skilte med deltaking både i EM og VM dei, så nivået er det ingen ting å seie på.

Publisert 22.01.2018
Basar Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps, januar 2018

Det var mykje folk på plass i Stordalshallen sist fredag, når Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps saman inviterte til basar. Det ligg mykje arbeid bak eit slikt arrangement, der det også høyrer med å gå frå dør til dør for å selje lodd til dei mange flotte gevinstane på bøkene. Også av den grunn er det kjekt å registrere at oppslutninga er så god. Eldsjelene bak dei flotte korpsa våra, nyttar også høve til å takke dei mange som støttar opp med gevinstar og sjølvsagt alle dei som har kjøpt lodd.

Publisert 17.01.2018
Basar Stordal hornmusikklag jan 2018 - plakat

Det er sterke basartradisjonar i Stordal. I Stordalshallen er det to slike kvart år. Den eine er det Stordal Helslag som arrangerer, noko dei har gjort i over 100 år. Dei siste 20 åra har denne vore i Stordalshallen. Stordal Hornmusikklag, som alltid stiller opp og spelar på helselaget sine basarar, har også sin eigen basar og den er no på fredag den, folkens!

Publisert 16.01.2018
Blindheimsdamer på besøk, januar 2018

Sist søndag, når Storfjord NTN Taekwon-do Klubb hadde fått pakka seg ut etter ei vellukka treningshelg, var det 14 jenter frå Blindheim sitt damelag i fotball som kom på besøk. Dei fekk matche seg mot Stordalsdamene (4. divisjon) og Stordal sitt G - 13 lag.

Publisert 15.01.2018
Taekwon do januar 2018

Denne helga var det vår lokale taekwon-do-klubb, som gjennomførte treningssamling i Stordalshallen. Instruktørane var på plass alt på fredagskvelden og på laurdagen kom så resten av deltakarane. Det var full køyr til langt ut på søndagen og det var ein godt sliten gjeng som då pakka sakerne sine og vende heim. Men ikkje minst hadde dei også hatt det kjempekjekt saman og då er alt som det skal vere då.

Publisert 09.01.2018
UKM 2018 - lokalmønstringa. 10. klasse er klare!

Tida flyg og brått har vi lagt ei ny julehøgtid bak oss. Vi kan sjå tilbake på ein ny, særs innhaldsrik periode for alt som har med kultur å gjere. No er det på høg tid å få den nye kulturkalenderen ut på heimesida vår!  Med denne på plass, vil ein kunne ha ei oversikt over ein heil del av det som skal skje av arrangement framover, i tillegg til dei aktivitetane og tilboda som ligg fast frå veke til veke.

Publisert 04.01.2018
Stordal Fjellservice - ny lysløype 2013, smp reportasje

Då kan vi presentere ei ny oversikt over mange av tilboda innan kultur og idrett i Stordal kommune og då også slik ein kan sjå når ein kan få det med seg. Perioden vi er inne i no opnar sjølvsagt også opp for ekstra mange tilbod knytt til vinter og snø og som kjent har vi også der mykje å by på.

Publisert 04.01.2018
Gursken Skulekorps

Når vi no er godt i gong med eit nytt år, er det på tide med ei lita oppsummering av det året vi har lagt bak oss.  Å bruke omgrep som eventyrleg flott, når ein skal skildre noko, er naturlegvis litt vågalt, men når det gjeld Stordalshallen - og alt det flotte som skjedde der også i 2017 - er det absolutt innanfor. Som dei fleste har fått med seg var dette eit jubileumsår for oss, noko vi fekk markert på skikkeleg vis. Så gler vi oss også stort over at 2018 - om mogleg - ser ut til å verte endå meir innhaldsrikt!

Publisert 03.01.2018
Open hall 29. des 2017

Også denne romjula arrangerte Stordalshallen sokalla "Open hall", med mange kjekke aktivitetar. Til liks med dei to foregåande åra, var det 5. juledag som var valgt ut og sjølv om om nok mange hadde lagt turen til fjells denne dagen, var det likvevel godt over 50 deltakande også denne gongen. At det er kjekt å få med seg dette, er det iallefall ingen tvil om.

Publisert 03.01.2018
Grendacup 2017 - Nejaføringane

Det vart Nejaføringane som trekte det lengste strået, då dei møtte Vinje i finalen under Grendacupen, 2. juledag. Men det måtte spelforlenging til for at det heile skulle bli avgjort. Mykje flott spel fekk vi også sjå i turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse og stemninga var god også på tribuna.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove